Våren er so tung å bera:
tankefull han gjera kan;
for han krever eg skal vera
mild og lovande som han.
Seg meg! kvi skal våren vera
lynsnar på si fagre ferd?
Han må fort ifrå seg gjera,
elles vert han mindre verd.
Kvi kan ikkje blomen vara,
mettande mi sæle syn?
Livet må som blomen fara,
elles var det inkje lyn.
Seg meg! kvi ditt hjarta bankar
just for vårens fagre jord?
Ajei! for dei mange tankar
som kan aldri finna ord.
Det er vel at slik er domen
at det fagre visnar snart:
Då som vår eg stend i blomen,
dømde eg om livet hardt.
Om eg teker slik til orde,
er eg endå like snill:
etter som eg synder gjorde,
lærde eg å vera mild.
Av Aasmund Olavsson Vinje. Diktet er hentet her.
mandag 5. april 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar